Hedersprisen 2015 til Kjell Kolbrek

Kjell Kolbrek hederspris

Kjell Kolbrek(til venstre) mottar Hedersprisen 2015 av juryens leder Vigleik Brekke etter en flott konsert i Edvard Griegs museum på Troldhaugen. Foto: Geir Øynes


Kjell Kolbrek(til venstre) mottar Hedersprisen 2015 av juryens leder Vigleik Brekke etter en flott konsert i Edvard Griegs museum på Troldhaugen.

Kjell Kolbrek er tildelt Kristent Radioforums hederspris 2015. Kjell Kolbrek har i mange år vært redaktør og sentral i oppbyggingen og driften av Radio Trøndelag og Budstikka Radio.

Prisen ble delt ut på Kristen Radiokonferanse i Bergen lørdag 5. september. Leder av juryen, Vigleik Brekke, sa under utdelingen at prisen i år går til en lokalradioentusiast som har arbeidskapasitet langt over gjennomsnittet..

Juryens begrunnelse:

Heidersprisen Kristent Radioforum 2015

Det har kome inn fleire gode forslag til kven som bør få heiderprisen til Kristent Radioforum i 2015.

Juryen, som er samansett av Ragnar Sjølie, Geir Magnus Nyborg og Vigleik Brekke, har samla seg om ein kandidat som har vore engasjert i lokalradio sidan tidleg på 1980-talet og må reknast som ein ekte lokalradioveteran.

Vinnaren av prisen i år går til ein lokalradioentusiast som har arbeidskapasitét langt over gjennomsnittet.

Saman med gode medarbeidarar har han makta å byggja opp ein 24/7-radio som dekkjer 24 kommunar i Nord- og Sør Trøndelag.

I dette området har gode lokale krefter makta å byggja opp eit lokalradiotilbod som via Radio Trøndelag og Budstikka Radio Trøndelag når eit stort og breitt publikum.
Prisvinnaren i år, Kjell Kolbrek, har i fleire tiår som redaktør og dagleg leiar vore den sentrale drivkrafta i å byggja opp ein allmenn lokalradio med vekt på det lokale innhaldet hand i hand med ein tydeleg kristen lokalradio på same sendarnett i Trøndelag.

Engasjementet hans har alltid vore forankra i visjonen om å nå ut med den glade bodskapen.

Kjell Kolbrek må reknast som ein pionér i ypperste klasse. Han har stor kunnskap og lang erfaring med lokalradio og som aldri gjev opp sjølv om det har butta imot innimellom.

Med ein kombinasjon av frivilligheit og profesjonell drift, har han saman med medarbeidarane sine bygd opp ei mediebedrift som er godt rusta for framtida. Det er ei stor gleda å overrekja Heidersprisen Kristent Radioforum 2015 til Kjell Kolbrek.


web-master:    geiroy@me.com © Øynes Konsult 2016